BUSS: Togpassasjerane må bu seg på å køyra mykje buss fram til byrjinga av april.

Mykje buss for tog framover

Fram til søndag 2. april skal det gjerast mykje arbeid på toglina mellom Bergen og Voss. Det får konsekvensar for togpassasjerane.

Publisert 14.03.2017 kl. 09.35. Oppdatert kl. 09.35.

For mange avgangar vil det vera buss for tog, Det er først og fremst prosjektet med bygginga av nye Ulrikstunnel som treng å ha sporet periodevis fritt for tog fram til byrjinga av april.



Arna stasjon

I Arna skal byggjeprosjektet riva vegbrua framfor tunnelopninga til den eksisterande Ulrikstunnelen.

- Dette er ein omfattande jobb, mellom anna fordi kontaktleidningsanlegget til toga må demonterast og setjast opp igjen for å komma til arbeidsområdet med maskiner. Sjølve rivinga av den armerte betongbrua vil også vera svært støyande, opplyser Banenor.

For å førebu ombygginga av Arna stasjon og spora til ny tunnel, skal to av spora og tilhøyrande leidningsanlegg på stasjonen rivast. Elles er det bygt ein mellombels plattform som skal nyttast i byggjeperioden på Arna stasjon. Denne opnar allereie måndag 20. mars.

- Inne i den eksisterande Ulrikstunnelen skal ein nytta den togfrie perioden til å bora hol gjennom til den nye tunnelen til kablar for straumforsyning frå den nye omformarstasjonen som vert bygt i Arna, heiter det i ei melding frå Banenor.



Arbeid i Bergen

I Fløen i Bergen skal ein byggja ein teknisk tunnel under hovudsporet, og også leggja inn ein ny sporveksel i krysset til godssporet til Kronstad. Inne ved Bergen stasjon skal det også føregå arbeid med spor og kontaktleidningsanlegg i heile perioden.



Vedlikehald Bergen-Voss

I tillegg gjer Bane NOR ein del vedlikehaldsarbeid mellom Bergen og Voss. På planen står mellom anna skogrydding, drenering, rassikring og rutinekontrollar av spor og leidningar.

- Sjølv om den vanlege togtrafikken er innstilt, kan det komma arbeidstog på sporet når som helst. I periodar vil også godstog passera. Alle som bur og ferdast langs jernbana må vera like forsiktige som elles, lyder oppmodinga frå Banenor.


- Positiv bodskap langs Tour des Fjords

- Alle på møtet me nyleg hadde om Tour des Fjords er optimistiske og vil senda ut ein positiv bodskap langs heile ruta, fortel Mona Mekki, leiar for Innbyggarservice i Vaksdal kommune.