|
|
74 % nei til grensejustering Av Esben Hesjedal, 14.09.09 3 av 4 veljarar i Vaksdal ønskjer ikkje at Eidsland og Eksingedalen vert overført til Modalen. Den førebelse oppteljinga viser 1.370 stemmer mot grensejustering, og 480 stemmer for. Ser ein på korleis røystene fordeler seg i dei ulike krinsane i Vaksdal, er det klart fleirtal i alle krinsar utanom i Eksingedalen og på Eidsland. I Eksingedalen har 59 personar sagt ja til grensejustering og 18 nei. Ja-delen utgjer med det 76,6 %. På Eidsland har 67 personar stemt ja, medan 13 har sagt nei. Ja-delen her utgjer 83,75 %. Berre eit fåtal stemmer er ikkje med i desse tala. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||